Skip to content
Lukk

Renta fornyar avtale med Kværner

Etter fleire års avtale om leige av personløftarar, fornyar Renta AS avtalen for 2+2 nye år med Kværner på Stord. I den nye avtalen vert det òg tatt med leige av truckar og ein del anna utleigemateriell.

Renta si avdeling på Stord har 6 ansatte, og flytta hausten 2018 inn i nye lokaler på Eldøyane Næringspark. Utleigeparken omfattar alle typar personløftarar opp til 50 meter og truckar opp til 16 tonn, samt eit større utvalg i byggmaskinar og anna småutstyr til både bedrift- og privatmarknaden.

 «Kværner har vært ein god samarbeidspartnar sidan 2006 og me ser fram til å fortsetja det gode samarbeidet dei neste åra. Me takkar for tilliten, og synest det er flott at dei velger å halda fram med oss som ein lokal leverandør” seier Kato Stien, Dagleg leiar i Renta AS. 

 

«Med denne avtalen er Kværner med på å sikra at me kan ha eit større utvalg av små og store utleigemaskinar som samstundes vert tilgjengeleg for andre kundar. Det siste året har Renta òg inngått avtalar med andre store aktørar i regionen, som i åra framover vil vera med på å sikra ei stabil og sikker drift ved avdelinga” supplerar Avdelingsleiar Magne H. Hystad.

 

Forutan fokus på å ha ein oppdatert og moderne maskin- og utstyrspark, er digitalisering og eigne IT-løysingar eit viktig satsingsområde i Renta gruppen. Mellom anna kan ein lasta ned ein app som heiter Renta Easy. Den gjev brukaren full oversikt over tilgjengelege maskinar, bestillingar/avbestillingar, prisar, historikk m.m. Dette gjer kvardagen enklare for brukarar som skal halda kontroll på fleire maskinar samstundes, som td. på eit større vegprosjekt eller ein bedrift som Kværner.

Trass Corona krisa, har Renta ingen permiteringar ved sine avdelingar, og omsetnaden i uke 17 har vore den høgaste sidan Renta overtok som eigarar i 2018.

Frå venstre; Kato Stien, dagleg leiar i Renta As, Innkjøpssjef Edgar I. Damås frå Kværner og Magne H. Hystad,  leiar for Renta si Stord avdeling.

Om Renta

Flexleie AS vart etablert i Bergen i 2002. Hausten 2018 vart Flexleie AS kjøpt opp av det finske utleigeselskapet Renta. Med nye eigarar har Flexleie, no Renta AS gått frå å vera ein liftspesialist til ein totalleverandør innan maskin-og utstyrsutleige. Renta AS har i dag 55 ansatte i Noreg og har avdelingar i Bergen, Stord, Stavanger, Romerike og Narvik. I 2020 styrer Renta AS inn mot ein omsetnad på 190 MNOK. Renta gruppen med hovudkontor i Vantaa i Finland driv utleige i Norge, Sverige, Finland og Polen, med over 750 ansatte fordelt på 80 avdelingar og ein omsetnad på meir enn 1,9 MRD NOK.

 

For meir informasjon

vennligst kontakt:

Kato Stien, mob. 91727989

Edgar Damås, mob. 95076168